Copyright © 2014. All rights reserved.

"Foruten reglane i fysikk, så er ikkje det nokon reglar i fotografering" - Christopher Grey

Particulars

Kjøp av bildefil til bruk på nettside/markedsføring/banner:

2000,- eks mva pr bilete. Ved kjøpt av fleire filer kan eg ordne ein pakkepris.   Til kalendar, bøker eller andre trykksaker avhengig av opplag, ta kontakt for pris.  

Prisane gjeld for ein gongs bruk til avtalt føremål. For bruk på internett gjeld bruksretten normalt i 2 år, eller til avtalt nettside. For fri bruksrett eller eksklusiv bruksrett, ta kontakt for avtale. Ved bruk skal kjeldetilvising nyttast, t.d. slik: Foto: Håvard Myklebust

 

OPPDRAG

Drøymer du om å forevige brudefotoet eller konfirmantbiletet høgt til fjells, kanskje på ein spektakulær tind?

Som erfaren fjellmann er eg godt kjent på Sunnmøre og i Sunnmørsalpane og kan tilby ein kombinert topptur og fotopakke der du som kunde blir avbilda på tur. Dette kan være:

-Vennetur

-Firmatur

-Bryllupsfoto

-Konfirmantfoto

Om du ikkje er sikker på kvar turen skal gå har eg fleire forslag alt etter ønske av lengd og vanskegrad.

Ut over vanleg turutstyr som ein må syte for sjølve, står eg for aktuelt ekstrautstyr. Om det er naudsynt har eg med ein dyktig fjellførar som safety officer, alt for at du skal få draumen din oppfylt på ein trygg og god måte.

Ta kontakt for meir info, prisoverslag, turforslag, så skal eg skreddersy ein unik pakke til deg.

 

Bedriftsoppdrag, gruppefoto, vennefoto:

Pris avhengig av oppdragets art og størrelse.Utgangspunktet er ein timepris på kr 600 eks mva. Reisetid vert avrekna med halv timepris. Ta kontakt per telefon eller epost så skal vi finne ei løysing.